Om oss

Sesong er ein lokal, sjølvstendig butikk på Sandane, som vart etablert i 2022.

Sesong sel kle både til damer og herrer i alle aldrar, med eit ønskje om å tilby det du treng i din garderobe, og med noko attåt.

Sesong er driven av Bjørg Bergheim som har lang erfaring innan saum. Ho har også drive fleire butikkar før Sesong. Med seg på laget har ho dotra si, Andrea, og ein gjeng dyktige damer.

Ved å handle med oss på Sesong, støttar du ei lita verksemd på bygda.

Takk for at du handlar hos oss!

 

Damene på Sesong